
Om
Rutine løypekøyring i Ål i Hallingdal
Dei fleste løypene skal være oppkøyrd kvar laurdag og sundag f.o.m. veke 50 t.o.m. veke 16 så sant det er behov for det. Preparering av høgfjellsløypene startar stort sett litt ut i sesongen.
Dagleg køyring (ved behov) i jule- og nyttårshelga samt i vinterferien, veke 8 og 9. Det same gjeld i påska f.o.m. palmelaurdag t.o.m. 2. påskedag. Sjå meir informasjon og status på https://www.skisporet.no/map
All planlagt løypekjøyring føreset at snømengde, vær- og vind er slik at prepareringa let seg gjere med tilfredsstillande resultat, og alle sin sikkerheit. Køyring på myrer og islagte vatn føreset at det er trygt å ferdast med prepareringsutstyret. Arbeidet med skiløypene baserer seg mykje på dugnadsarbeid.
Morgonløyper: Vil du tidleg ut er det best å starte i løypene ut frå Liatoppen Skisenter. Følg og med på https://www.skisporet.no/map/destination/330
Tidleg sesongstart: Løypene ut frå stadion på Liatoppen Skisenter samt Bygdaløypa i Vats/ Bergsjøområdet vil normalt være dei fyrste som er klare for dei blir preparert so tidleg det let seg gjera.
Lysløyper
Sjå informasjon om lysløypene på Ål sin nettside: https://www.visital.no/se-og-gjore/lysloyper-p2076363
Kontaktinfo: Ål Utvikling AS, post@alutvikling.no, tlf. 32 08 43 60. www.visital.no
Siste nytt om løypeprepareringa ser du påhttps://www.skisporet.no/map
Skiløypenettet i Ål
I Ål finn du 430 km med skiløyper, både i skogsterreng og i høgfjellet. Dei fleste stader er det løyper både for klassisk og skøyting. På Liatoppen Skisenter finn du Ål sine konkurranseløyper. Stort sett alle løyper blir køyrt med moderne løypeprepareringsmaskiner som har GPS for tracking via https://www.skisporet.no/map
Bandtvang
Det er utvida bandtvang i maskinpreparerte skiløyper og trasear frå 15. desember til 1. april.
Dette i flg. endra § 3 i forskrift om hundehald i Ål kommune januar 2019.
Utfyllande informasjon, tur-tips og film om langrennstilbodet i Ål finn du på