Kaptein Rødskjegg og sjørøverane feire jul på land

Om

Snart er det jul og Kalle Kanon og Jern-Harry ser fram til å setje kursen sydover mot Karibien, slik dei alltid gjer når vinteren er i anmarsj. Dei gleder seg og har allereie pakka kofferten.

Dei er i ferd med å gå ombord i skuta når Kapteinen brasar inn med ei skrekkeleg nyheit "Me skal feire jul heime hjå oss sjølve slik som vanlege folk!"

Kalle og Jern-Harr blir på langt nær hoppande glade for dette. Vere heime og feire jul i kulda? Is på vatnet, ingen fekting og kanonskot før nyttårsaftan, ingen paella eller heilstekt okse, ingen glede.....

Nei fysj! Feire jul heime. Det har dei jo aldri gjort og ikkje veit dei korleis. Og så er det sikkert skikkeleg kjedeleg. Ting tilspissar seg, og dramatiske ting som kidnapping, politirazzia og damebesøk gjer at jula heng i ein tynn tråd for sjørøverane.

Og ting blir heller ikkje enklare når Kapteinen kun er opptatt av å leite etter presangar og håper han får ein kjærast til jul.

Men kjem nissen då?

Den som møte opp får sjå.....

Sjørøverane lovar masse humor og god julestemning for heile familien.

Kart

Kaptein Rødskjegg og sjørøverane feire jul på land

TypeJuleteater

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forKaptein Rødskjegg og sjørøverane feire jul på land (Åpnes i et nytt vindu)