AVLYST Sult - teaterforestilling ved Riksteatret

Om

Har du nokon gong kjent deg utanfor?

Sult kom fyrste gong ut i 1890. Det skulle bli Knut Hamsun sin gjennombrotsroman og eit verk som samtidig innebar noko nytt i norsk litteratur. Hamsun skildrar både den fysiske sult og den psykiske pine hjå den namnlause hovudpersonen på ein måte som gjer at lesaren vanskeleg gløymer han. Sult er ein klassikar i moderne dikting som held på fascinasjonskrafta også i dag. 

"Kven har ikkje kjent på kjensla av å ikkje høyre heilt til, eller vere oversett av andre. Med Sult har eg lyst til å vise at det er menneskeleg å kjenne seg utanfor", seier Anders T. Andersen som skal ha regi og dramatisere Knut Hamsun sin klassikar for Riksteatret. Han står bak ei rekkje vellykka dramatiseringar av romanar for teater som Roy Jacobsen sin De usynlige, Om våren av Karl Ove Knausgård og Geir Gulliksen sin Historie om et ekteskap. Andersen sto også bak filmatiseringa av Berlinerpoplene for NRK og slepp spelefilmen Fuglane basert på romanen til Tarjei Vesaas hausten 2019. Han har også i desse dagar stor suksess med Bowie-musikalen Lazarus på Det Norske Teatret.  

Også denne gongen skal han lage ei teateroppsetjing med mykje bruk av bilete, video og musikk – med blant andre skodespelar Preben Hodneland og musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars på scena.


På scena:
Preben Hodneland, Julia Bache-Wiig, Sverre Bentzen, Torstein Bjørklund og Petter Vermeli


Team:
Regissør: Anders T. Andersen
Scenograf: Dagny Drage Kleiva
Kostymedesignar: Mette Welle Jacobsen
Lysdesignar: Øystein Heitmann
Lyddesignar: Erik Hedin
Videodesignar: Kenneth Karlstad
Produsent: Emnet Kebreab
 

Kart

AVLYST Sult - teaterforestilling ved Riksteatret

TypeTeater

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forAVLYST Sult - teaterforestilling ved Riksteatret (Åpnes i et nytt vindu)