This is happening at Ål

Loading Events

This event has passed.

Torgeir Waldemar

Torgeir Waldemar

Konsert med Torgeir Waldemar på Tanken Arena

2024 var eit travelt år for Torgeir Waldemar, med to plateslepp og Europa-turné. Fredag 25. april tek Torgeir med seg fullt band til Tanken Arena (Kuluvegen 1) for å gje oss ein kveld med ei blanding av americana og rock, og for å feire at Ål endeleg har fått ei klubbscene perfekt for denne musikken.

Torgeir Waldemar platedebuterte i 2014 med Spellemann-nominerte Take Me Home. Sidan den gong har han gjeve ut fleire album, frå det heilt såre og akustiske til eit elektrisk og hardare uttrykk. Det har så langt toppa seg med utseld konsert i Den Norske Opera, med påfølgjande live-plate.

I 2020 vart Torgeir kjend for mange hallingar, under det altfor korte festivalsettet under SundreBall. Difor gledar det oss at han er attende for å gje oss ei full konsertoppleving på Tanken Arena.

The concert is organised by SundreBall 365.

Dørene opnar kl. 1900.
Konsertstart ca. kl. 2100.

NB! 18-års aldersgrense.

Time

25. April kl. 19:00

Location

Tanks Arena

Kuluvegen 1
Ål, Buskerud 3570 Norway

Price

390 kr

Categories: