Vil du lære deg å synge tradisjonelle folketoner frå Hallingdal? På dette kvedarkurset får du lære eit knippe låtar frå ein rik og særmerkt songtradisjon, formidla av ein av dei fremste kvedarane i landet – Margit Myhr.
Kurset passar for både nybyrjarar og dei som har kveda litt frå før. Du treng ikkje å kunne lese notar – her lærer vi med øyrene og kroppen.
Kurset er ein del av Folkemusikkveka i Ål.