Utstillingsopning: Den blå timen
Per Ove Sødal – måleri og grafikk
Katarina Kjelland – keramikk
I sommarens utstilling Den blå timen møtest to kunstnarar som på kvar sin måte utforskar rommet mellom det synlege og det sansa.
Per Ove Sødal hentar inspirasjon frå havet, uthamner og fiskevær – landskapet som omgir han på Sørlandet. I bileta sine skaper han eit uttrykk som balanserer mellom indre og ytre verkelegheit, bygd opp av enkle geometriske former, mystikk og undring. Sødal arbeider både med måleri og litografi, og har lært grafikk ved Myren Grafikk og Kristiansand Grafiske Verksted – blant anna med Kjell Nupen som mentor.
Katarina Kjelland arbeider med keramikk i eit spenn mellom funksjon og kunst. Ho nyttar ulike brennemetodar – frå elektrisk til vedfyring og raku – og arbeider med lokale materialar som skapar unike overflater og uttrykk. Med verkstad i Kristiansand skaper ho tidlause objekt i steingods som spenner frå bruksgjenstandar til skulpturelle former og lysinstallasjonar.
Utstillinga står frå 14. juni til 24. august 2025.