Dette skjer på Ål

Laster Arrangementer
174237

Stilett + Kor for uss

Vokalgruppa Stilett feirar 20 år med det beste frå sin humoristiske, satiriske og vakre cabaretverda – og dei har med seg mannskoret Kor for uss frå Nordbygdene!

Bli med på ein musikalsk jubileumsfest!
Stilett fyller 20 år og markerer det med ein festkveld full av musikk, humor og gjenkjennelege skråblikk på livet. Med seg har dei det sagnomsuste mannskoret Kor for uss – som kjem med blankpussa sko, finstemte røyster og skjortene strøket til anledninga!

I løpet av to tiår har Stilett produsert sju heilaftens cabaretar og spelt hundrevis av forestillingar, der dei syng om alt frå kvardagsliv og politikk til vennskap, kjærleik og irritasjonar – med glimt i auget og klang i stemmen. Medlemmane kjem frå ulike musikalske bakgrunnar, frå jazz og klassisk til musikal og opera, og saman har dei utvikla sin heilt eigen stil: humoristisk skjønnsang.

Med på jubileumsturneen har dei pianist Torgeir Koppang og eit knippe av sine mest populære nummer – i tillegg til nye overraskingar!

🎉 Ein kveld med satire, klang, glimt i auget – og to unike vokalensemble på ei og same scene.

Tid

27. september kl. 19:00 - 20:00

Sted

Operalåven

Sehlsvegen 180
Ål, 3570

Pris

370 kr

Kategorier: