Dette skjer på Ål

Laster Arrangementer
170148

Silje Nergaard med band – varm, tidlaus jazz i toppklasse

Silje Nergaard kjem med ny musikk og klassikarar i bagasjen. Med seg har ho sitt faste band og eit rykande ferskt album – inspirert av dei store jazzstandardane.

Ei stemme, eit band – og jazz som går rett i hjartet.
Silje Nergaard er tilbake der det starta – i jazzen. På det nye albumet Tomorrow We’ll Figure Out the Rest har ho komponert melodiske songar inspirert av klassiske jazzstandardar – med låtar om livet, kjærleiken og det å stå stødig i ei urolig tid.

I 2025 legg ho ut på turné med sitt faste band gjennom mange år:
🎶 Helge Lien – piano
🥁 Jarle Vespestad – trommer
🎻 Finn Guttormsen – bass

Saman har dei utvikla eit unikt samspel, med varme, leikenheit og djup musikalsk forståing. «Det er som vi pustar frå same lunge,» seier Silje sjølv.

På konserten får du høyre musikk frå det nye albumet – arrangert av Grammy-vinnaren Vince Mendoza og spelt inn med Stavanger Symfoniorkester – i tillegg til dei kjære klassikarane: Be Still My Heart, Lullaby to Erle og Dance Me Love.

«Eg ønskjer å lage noko vakkert og tidlaust i ei flyktig verd,» seier Silje.
Dette er ikkje berre ein konsert – det er ei musikalsk stund du tek med deg heim i hjartet.

Tid

16. oktober kl. 19:00 - 20:00

Sted

Ål Kulturhus

Myren 40
Ål, Buskerud 3570 Norway

Pris

550 kr

Kategorier: