Dette skjer på Ål

Laster Arrangementer
155156

Riksteatret: Legenden om Narnia – Løven, heksa og klesskapet

Eit gamalt klesskåp, ei magisk verd, ei iskald forbanning og eit spektakulært slag – bli med til Narnia!

For 75 år sidan skapte C.S. Lewis eit univers fylt av spenning, fantasi og magi. Narnia har sidan den gongen engasjert millionar av born og vaksne over heile verda gjennom bøker, TV-seriar og filmar, og vorte ein av vår tids store klassikarar.

Møt søskena Lucy, Edmund, Susan og Peter når dei oppdagar vegen til eventyrlandet Narnia. Der herskar den vonde Heksa Hvit i evig snø og is. Saman med løva Aslan og alle gode krefter tek dei fire borna opp kampen mot det vonde.

Når regissør Hilde Brinchmann skal lage teater av Narnia for Riksteatret, lar ho oss oppleve historia gjennom borna sine auge.
Brinchmann har hatt stor suksess med «Mio, min Mio» og «Operasjon Teater – Detektivbyrå nr. 2».

Ta med borna, familie og vener og bli med på ei ugløymeleg reise til Narnia, der fantasi og verkelegheit smeltar saman i ei fortryllande teateroppleving!

«Et Narnia-eventyr som møter publikum i øyehøyde, som rendyrker det eventyrlige og det undrende»
– Dagsavisen (5)

«Jeg føler meg sikker på at klesskap over det ganske land, vil bli krøpet inn i etterhvert som Riksteateret legger ut på veien»
– Vårt Land

«En fin, spennende og heltemodig historie om hvem vi velger å være når alt står på spill.»
– NRK

«Løven og heksa alene verdt pengene»
– Aftenposten
Premiere i Oslo, Nydalen 6. mars 2025
Turnépremiere i Drammen 11. mars 2025

Framsyningslengde: 2 timar og 15 minutt inkl. pause.

Framsyninga inneheld fleire scener som skildrar krig, uro og mørke. Det vil vere lyd av skot og dramatiske scener.
Difor er aldersgrensa sett til 6 år.

Med Janne Starup Bønes, Ellen Bendu, Jawad Aziz, Sebastian Legaard Engeland, Albertine Lundgren, Numa Edema Norderhaug, Martin Karelius Østensen, m.fl.

Regissør: Hilde Brinchmann
Scenograf: Signe Gerda Landfald
Kostymedesignar og maskedesignar: Helena Andersson
Lysdesignar: Martin Flack
Komponist og lyddesignar: Eirik Myhr
Lyddesignar: Morten Haug Serigstad
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad og Wenche Viktorsdatter Paulsen.

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

Tid

19. mai kl. 18:00 - 20:30

Sted

Ål Kulturhus

Myren 40
Ål, 3570 Norway

Pris

310 kr

Kategorier: