Den norske, internasjonalt ettertrakta vokalgruppa Nordic voices kjem til Ål for fyrste gong! Sidan 1996 har sekstetten reist i inn- og utland, og bergteke publikum med finstemt stemmeklang og slåande presisjon. Repertoaret spenner frå den eldste musikken me kjenner, til eksperimentelle verk a là 2025. Dei kjem med eit humørfylt program der du får høyre alt kva menneskestemma har å by på, og kanskje òg nokre vokale krumspring du ikkje hadde venta.
Dørene opnar kl. 16:00.
Vaksne kr. 320,-
Gratis for barn og ungdom under 18 år, men for å sikre plass må du «kjøpe» ein gratisbillett.
Velkommen!