Verdskjende Katie Mahan tok Operalåven med storm i 2024 – no er ho tilbake!
Med sin briljante teknikk og musikalske innleving tryllebandt ho publikum i Beethoven sitt “Måneskinnssonate”. Denne gongen kjem ho med eit nytt og helstøpt program med musikk frå Mozart til Gershwin – i konserten From Vienna to New York!.
Du får høyre Mozart sin mektige Fantasi i C-moll og den ikoniske Eine kleine Nachtmusik – i Katie Mahan sitt heilt unike arrangement for solo piano.
På programmet står også Schubert sine fire Impromptus – romantiske, virtuose og vakre pianoperler – og ikkje minst George Gershwin sine I Got Rhythm-variasjoner i ein forrykande versjon signert Mahan sjølv.
Ein kveld for alle som elskar klassisk musikk, stor pianokunst og det vesle ekstra. Dette er musikkhistoria tolka av ei av dei fremste formidlarane av Mozart i vår tid.
Velkommen til ein konsert som garantert løftar taket – igjen.