Dette skjer på Ål

Laster Arrangementer
475243892_539565352442733_6260321808228445224_n

Gjestespel: Te-smaking og «Vandring

Smak eksklusiv te og la deg føre med på ei sansereise i tekst og musikk – alt i låverommet på Tolleivsgarden, midt i Gjestespel-festivalen.

e er verdens mest utbredte drikk etter vann – men kor mykje veit vi eigentleg om te-kultur her til lands? Under Gjestespel 2025 får vi bli med på ei reise inn i teens historie, smakar og ritual. Tedragen i Bergen kjem til Ål med handplukka eksklusiv te frå Kina og Taiwan, og inviterer til ei sanseleg og lærerik te-oppleving i låven på Tolleivsgarden.

Denne timen forvandlar vi låverommet til eit intimt te-hus, med smaking, kunnskap og kunstneriske innslag frå Hans Hulbækmo, Maja Ratkje og Hild Borchgrevink. Vi lærer om teens opprinnelse, bryggeteknikkar og får smake fleire varianter av høg kvalitet – nøye utvalgt av nokre av dei fremste te-ekspertane i landet.

Klokka 19:30 fortset kvelden med poesikonserten «Vandring», eit sterkt og sanselig verk av Sigmund Løvåsen, Frode Haltli og Erlend Apneseth. Her flettes tekst, trekkspel og hardingfele saman til ei reise i rørsle – om å gå, lete, flykte, lengte. Med Tore Hansens stemningsfulle måleri som bakteppe og med nærvær i kvart ord og tone, blir dette eit høgdepunkt under festivalen.

Verket «Vandring» blei opprinneleg skrive til Dei Nynorske Festspela i 2021 og har sidan rørd publikum landet rundt. Musikken vekslar mellom det stillfarne og det ville, mellom lytting og overveldande nærleik.

🫖 Te-smaking kl. 18:00
🎶 Poesikonsert kl. 19:30

Billettinfo:
– Te-smaking: 420 kr (inkl. billettavgift)
– Dagspass (utanom te-smaking): 300 kr
– Festivalpass: 600 kr (inkl. billettavgift)

Festivalen GJESTESPEL blir arrangert i samarbeid med Fryd Scene og Rivjødn.

Tid

2. august kl. 18:00 - 19:00

Sted

Tolleivsgarden

Stave
Ål, Buskerud 3570 Norway

Pris

420 kr

Kategorier: