For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Rutiner for løypekjøring

Om

Rutine løypekøyring i Ål vinteren 2018/2019

Dei fleste løypene skal være oppkøyrd kvar laurdag og sundag f.o.m. veke 50 t.o.m. veke 16 så sant det er behov for det. Preparering av høgfjellsløypene startar stort sett litt ut i sesongen.

Dagleg køyring (ved behov) i jule- og nyttårshelga samt i vinterferien f.o.m. laurdag i veke 6 og heile veke 7, 8 og 9. Det same gjeld i påska f.o.m. palmelaurdag t.o.m. 2. påskedag. Sjå meir detaljert informasjon for kvart løypeområde nedanfor og status på skisporet.no  

 Ved køyring skal det være oppkøyrt ut frå alle parkeringsplassar før kl.11.00. Ved ordinære vær-forhold startar løypekøyringa mellom kl. 07.00 – 09.00.

All planlagt løypekøyring føreset at snømengde, vær- og vind er slik at prepareringa let seg gjere med tilfredsstillande resultat, og alle sin sikkerheit.  Køyring på myrer og islagte vatn føreset at det er trygt å ferdast med prepareringsutstyret. Arbeidet med skiløypene baserer seg mykje på dugnadsarbeid.

Løypebidrag. Det snør ikkje skispor, så me håpar du vil bidra til løypekøyringa i Ål. Sjå konto-nummer for det enkelte løypelag nedanfor og betal til eit av løypelaga eller del beløpet på fleire. 

 Morgonløyper: Vil du tidleg ut er det best å starte i løypene ut frå Liatoppen Skisenter. Følg og med på http://skisporet.no/buskerud/alhallingdal.

Tidleg sesongstart: Løypene ut frå stadion på Liatoppen Skisenter samt Bygdaløypa i Vats/ Bergsjøområdet vil være dei fyrste som er klare for dei blir preparert frå fyrste snøfall.

Lysløyper

Sjå informasjon om lysløypene på Ål sin nettside: http://www.al.no/no/html/aktiviteter/vinter/langrenn/lysloyper/

Kontaktinfo: Ål Utvikling AS, post@alutvikling.no, tlf. 32 08 43 60. www.al.no

Siste nytt om løypeprepareringa ser du på http://skisporet.no/buskerud/alhallingdal                                                                                               

Meir detaljert informasjon om kvart enkelt løypeområde

Bergsjøområdet:  

Sjå løypekartet i Bergsjøområdet sin vinterbrosjyre. Der fortel fargekoden på løypene om når dei ulike løypene brukar å blir preparert:  (Vær merksam på at løypestikk ikkje har fargekoder).                                                        

Jul og nyttår .................................. Grøne løyper

Kvardagar fra nyttår til vinterferie..... Grøne løyper

Helger fra nyttår til vinterferie.......... Grøne og blå løyper

Vinterferie .................................... Grøne, blå og raude løyper

Kvardagar mars – medio april ........  Grøne og blå løyper

Helger mars – medio april .............. Grøne, blå og raude løyper

Påsken ........................................ Grøne, blå, raude og gule løyper          

Det er lys i bygdeløypa frå idrettsplassen i Vats og opp mot Skarslia.                                          

Kontaktinfo: Leiar i løypelaget Kåre Berg post@bergsjostolen.no     

Løypebidrag betalast til konto nr. 2320.15.47903.

Sjå også Bergsjøområdet på facebook.

 Liatoppen/ Votndalsåsen:  

Sjå løypekart i Liatoppen sin brosjyre.

Skogsløypa: (raud stikk): Blir køyrt i helgar og på torsdagar (ved snøfall).

Kinnhovdløypa: (grøn stikk): Blir køyrt helgar og på torsdagar (ved snøfall).    

Gaukeliløypa: (orange stikk): Blir køyrt kvar helg og i vinterferie/påsken. Ved dårlig vær blir løypa køyrt til Svarthamar.

Fjelløypene: (svart stikk): Blir stikka i januar og køyrt i vinterferien og påsken. Strekninga Svarthamar – Kråkhamar (del av Hallingdalsløypa Nord) blir køyrt alle helgar fra 15.02.

Svartetjernløypa: Med snøscooter i vinterferien og påsken.  

Påskeløype: Mellom Kråkhamar og Nystølane

Lysløypa: køyrt tysdag – sundag (ved snøfall). Lysa er tent fram til kl. 23.00 kvar kveld.

Kontaktinfo: Kåre Hagen tlf. 901 75 701 / Svein Åsmund Tveito tlf. 918 64 965.                         Løypebidrag betalast til konto nr. 2320.07.17155.

Sjå og løyperapportar på www.liatoppen.com

Torpoåsen:

Sjå kart og informasjon i brosjyre/løypekart for Opheim – Torpoåsen – Skaraåsen.

Løypekøyringa startar så fort det er forhold til det. Uværsløypa blir køyrt kvar helg, og torsdag ved store snøfall. Resten av løypenettet blir køyrt opp i helgene. Løypa over til Hemsedal blir stikka og køyrt opp til vinterferien.

Etter vinterferien startar køyringa på fredag, då blir heile løypenettet køyrt.

Kontaktinfo: Iver Svare tlf. 900 36 340 / Ola Sletto tlf. 900 36 442 / Ove Thorshaug tlf. 907 32 142

Løypebidrag betalast til konto nr. 2324.07.13365.

Sjå og bilete / løypestatus på facebook, Torpo Skiløypelag
 

Kvinnegardslia/ Øvre-Ålsåsen:
Sjå løypekart og informasjon på Ål sin nettside.

Skilta i løypa har piktogram med ulik farge som fortel kor krevande løypene er.

Grøn farge på lette løyper. Blå farge på middels krevjande løyper. Raud farge på krevjande løyper.

Raudfarga løype frå Einarset til Mykingstølen blir køyrd opp frå og med vinterferien og ut sesongen.

Dei grøne skogsløypene blir køyrd i veka ved behov.

Løypekøyringa i området tek til mellom kl. 09.00 – 10.00.

Kontaktinfo: Kåre Magne Holo tlf. 909 74 862

Løypekøyrar Kvinnegardslia Erling Tveito tlf. 415 66 763

Løypebidrag betalast til konto nr. 2320.20.70485.

 

Veståsen/ Sangefjell:

Sjå løypekart for området.

Løypene blir stort sett køyrt i samband med helg, men ved store snøfall kan delar av løypenettet blir køyrt også midt i veka. Løypene på snaufjellet blir ikkje køyrt når det er sterk vind og snøføyke.

Kontaktinfo:

Veståsen: Halgrim Sataslåtten tlf. 419 22 467
Heimstølhovda: Stig Boholm tlf. 907 31 912.

Løypekjører Veståsen / Heimstølhovda: Arne Olav Gullhagen tlf. 992 93 818.

Sangefjell: Halgeir Viken tlf. 48153049 e-post halge-vi@online.no

Løypekøyring Sangefjell: Jan Idar Dalseide tlf. 415 18 445 / Ståle Dalseide tlf. 952 59 092.

Løypebidrag betalast til konto nr:

Sangefjell: 2320.32.77962 / Veståsen: 2320.20.75878 / Heimstølhovda: 2324.15.31856.

Følg Veståsen på Facebook. Følg Sangefjell på Facebook.

 

Sundre Skiforening

Sundre Skiforening driftar nedre del av Hallingdalsløypa frå Blautmyrkroken til Hallingdal Feriepark

Kontaktinfo: Jens Petter Brandlie tlf. 924 54 114 / jbrandlie@hotmail.com

Løypebidrag betalast til konto nr. 2320.17.24821

Følg Sundre Skiforening på Facebook

Generell info om skiløypene i Ål

 

Hallingdalsløypa Nord og Hallingdalsløypa Sør (tidlegare Eventyrløypa) 

Sjå informasjon her: http://www.al.no/no/html/aktiviteter/vinter/langrenn/hallingdalsloypa/

Dei fleste strekningane av Hallingdalsløypa blir preparert og skal være oppkøyrt i helgar, ferieveker og høgtider fra og med laurdag i veke 7 til og med veke 16.  

Hallingdalsløypa Sør  Sør-løypa strekker seg fra Ustaoset via Kikut, Sangefjell, Veståsen og Nes til Norefjell, totalt 144 km. Ein kan og starte å gå løypa Veståsen eller Sangefjell på Ål.    

Hallingdalsløypa Nord  Nord-løypa går fra Myrland via Bergsjøområdet, Tormodset, Gaurhovd og til Gol Skipark, totalt. 77 km. 

 

Skiløypenettet i Ål

I Ål finn du 430 km med skiløyper, både i skogsterreng og i høgfjellet. Dei fleste stader er det løyper både for klassisk og skøyting. På Liatoppen Skisenter finn du Ål sine konkurranseløyper. Stort sett alle løyper blir køyrt med moderne løypeprepareringsmaskiner som har GPS for tracking via http://skisporet.no/buskerud/alhallingdal

 

Bandtvang

Det er utvida bandtvang i maskinpreparerte skiløyper og trasear frå 15. desember til 1. april.

Dette i flg. endra § 3 i forskrift om hundehald i Ål kommune januar 2019.

 

Utfyllande informasjon, tur-tips og film om langrennstilbodet i Ål finn du på

http://www.al.no/no/html/aktiviteter/vinter/langrenn/

Kart

Rutiner for løypekjøring

TypeSki

3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 10 60