Sir Elton John, sett bakfrå, ved pianoet og med flosshatt på.

Om

Noregs einaste omreisande hyllest til Sir Elton John er klar for Ål kulturhus!

Gjer deg klar for eit av landets beste hyllestshow.
Nyt låtar som Saturday Night’s Alright For Fighting, The Bitch Is Back, Sacrifice og Can You Feel The Love Tonight med nokre av dei mest arfarne musikarane i landet på scena. I dette showet får du det beste frå Elton John-universet.

Med ei over 50 år lang karriere bak seg, med 300 millionar selde plater og over femti topp 40 hits på begge sider av Atlanteren, er Elton John ein av verdas største artistar. Låtane til Elton John har vore rundt oss så lenge at dei nesten har vorte våre eigne. Det er då med dobbel grunn at denne forestillinga heiter det same som Elton sin fyrste store hit, «Your Song». Dette har vorte dine hits, sentrert rundt dine beste minne, enten dei stammar frå 70-, 80,- 90-talet eller endå seinare.

Med eit seksmannsband i ryggen, gjer Kjetil Grodås Elton John betre enn nokon andre! Heilt frå han rakk opp til tangentane på pianoet har det gått i Elton John, og han har snart 20 år bak seg som Noregs svar på den britiske legenden.

Endeleg kjem han til Hallingdal med dette fabelaktige showet, så no er det berre å gjere seg klar for ein musikalsk festaften du sjeldan har sett og høyrt maken til.

Vekommen!

 

Konserten varar i 1 time og 45 minutt.

Kart

Your song - a tribute to Elton John

TypeKonsert

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forYour song - a tribute to Elton John (Åpnes i et nytt vindu)