Teater Manu: Fra ingenting.....

Om

Tegnspråkteater

 

Frå tidenes morgon har mennesket stilt dei same spørsmåla. Og prøvd å svare kvarandre, så godt det har late seg gjera. Svara har vorte til forteljingar, ofte om det gode og det vonde, rett og gale, sanning og lygn. Felles for dei alle er at dei prøver å gje oss eit haldepunkt og fotfeste i det gåtefulle   ...sjølve liva våre.

 

Gjennom tidene har historier vorte til myter, myter har vorte til sanningar. Og sanningar kan bli til sagn att. Fortid og framtid. Me sluttar aldri å reflektere over korleis verda har vorte til.

Saman med skodespelar Ipek Mehlum inviterer Teater Manu publikum med på ei fasinerande reise i fantasiane frå fortida om korleis verda vart til. Me skal fyke rundt om på kloden av i går og i dag, sveipe innom ulike skapingsmytar frå alle verdsdelar og himmelretningar – og kanskje vil me oppdage at det underleg nok er mange likskapar, det finst mange mytiske motiv som er i slekt.
 

Skodespelar: Ipek D. Mehlum
Stemmeskodespelar: Kjersti Fjeldstad

 

 

Kart

Teater Manu: Fra ingenting.....

TypeTeater

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forTeater Manu: Fra ingenting..... (Åpnes i et nytt vindu)