Ope atelier - og pub på Leveld Kunstnartun

Om

Endeleg er det tid for formidlingar att i kunstnartunet!
 
Linn Rebekka Åmo og Jørn Tore Egseth avsluttar sine arbeidsopphald i kunstnartunet med å opne sine atelier 

laurdag 27. november kl. 12-16.

Linn Rebekka Åmo jobbar med tekstile collage i store og små format.
Tematikken i arbeida kretsar rundt oppdagingar, referanser av natur, tid og miljø.
 
Linn Rebekka Åmo bur og jobbar i Bødø, og er utdanna frå Kunstakademiet i Trondheim og Kunsthøgskolen i Bergen.

Jørn Tore Egseth jobbar primært med installasjonar og skulpturar med lydlege og tekstile element. Sentralt i kunstnerskapen hans står forholdet mellom menneske, natur og teknologi.For tida jobbar han med konstruksjonar inspirert av speiderarkitektur og eldre militære forsvarsmetodar og hindringar.
 
Jørn Tore Egseth bur og jobbar på Lillehammer, og er utdanna frå Kunstakademiet i Trondheim.

Kvelden før, fredag 26. november kl. 20:00 og utover kvelden, arrangerer kunstnartunet fredagspub i kjellaren på Låven.

Ta med deg vener og kom!
 
Velkomen til fredagspub og ope atelier dagen etter!
 

 

 

 

 

Kart

Ope atelier - og pub på Leveld Kunstnartun

TypeKunst

Nordbygdvegen 1025, Leveld, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 452 87 348