Molly & Partner - Jeg vil heller danse på bordet

Om

Marianne Krogness og Karoline G. Herlofsen inviterer til familieshowet "Jeg vil heller danse på bordet".

Molly & Partner er m.a. kjent frå NRK Radio Super og Barnas Trafikklubb, og showet er basert på den fantastiske musikken frå dei to siste cd’ane, bunde saman av mykje tøys og tull. I 2019 gav dei ut sangane sine i eiga sangbok med singback på Musikkforlaget.

Molly & Partner har ikkje bil, men dei har både sykkel og trillebår. Klokke greier dei seg utan. Dei har ikkje pengar heller, men det brukar alltid å ordne seg. Nesten kvar dag rasar det nemleg ut masse godteri frå eit hol i veggen bak sofaen. Godteriet brukar dei til å bytte til seg alt dei treng.  Seks egg og ein liter mjølk til dømes, for ein pose seigmenn, ein kålrabi for fire sure skrikarungar, og ein gong fekk dei ei stålampe(!) for ein pose ostepop og tre mjølkesjokolader. Stikkord for kva Molly & Partner står for er det å vere annleis, vennskap - og det og greie seg med lite.

Velkommen til eit herleg familieshow!

 

Kart

Molly & Partner - Jeg vil heller danse på bordet

TypeFamilie/barn

Ål Kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forMolly & Partner - Jeg vil heller danse på bordet (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Ål Kulturhus, Sprang (13 Okt 2024)
DagTider
Søndag14:00