Om
Meistrane Jon Bugge Mariussen, Margit Myhr, Ådne G. Kolbjørnshus, Svein Kjerland, Helga Myhr, Sindre Tronrud, Marit Karlberg, Andreas Ljones, Rasmus Kjorstad, Bendik Smedåsgjelten Qvam, Anders Lunden Herfoss, Inga Myhr og Sjur Borge kjem saman med 80-90 ungdommar frå heile Sør-Noreg.
Dei vil halde ein spennande konsert med hardingfele, fele, langeleik, toradar, munnharpe, lur, seljefløyte, bukkehorn song og dans.
I solo og samspel vil dei vise kva dei er gode for etter timar med kurs og opplevingar i løpet av helga.
Kom og opplev dei beste folkedansarane og folkemusikarane i landet saman med morgondagens einarar.
Arrangør: Storhelg i Hallingdal
Med støtte frå: Ål kommune, Buskerud fylkeskommune, Sparebankstiftelsen DNB, Senter for folkemusikk og folkedans, Buskerud Folkemusikklag, KOMP, Folkemusikkveka og Ål kulturhus.