Om
Også i år skal Lisa Stokke, som skapte rolla som dottera Sophie i ein av dei mest suksessrike musikalane i historia; Mamma Mia, ut på ein ny turnérunde.
I løpet av 9 konsertar i fjor haust såg nesten 3000 nordmenn Lisa loves ABBA, der ein får høyre låtar som The Winner Takes It All, Dancing Queen, Mamma Mia, Fernando, Gimme Gimme Gimme og mange fleire av sangane som betyr så mykje for oss alle.
Lisa loves ABBA tek publikum med på ei reise gjennom Lisa sin eigen oppvekst som lidenskapleg ABBA-fan. Gjennom si heilt unike erfaring av å bli utvald og jobbe personleg med Björn Ulveus og Benny Andersson i ABBA-musikalen, skapar Lisa og bandet ei musikalsk fest-atmosfære som tek
publikum attende til storheitstida til ABBA. Små anekdotar frå opplevingane hennar med ABBA blir servert gjennom konserten, og publikum blir rive med i eit show som garantert vil gje varig inntrykk.
Gled deg!