Lysvandring frå Torget, etter julegrantenninga.

Om

Jul på Sundre Julegrantenning og lysvandring.

Kulturkommunen Ål og Ål Handelsforening inviteter, tradisjonen tru, til stemingsfull og trivelig julegrantenning på Torget fyrste sundag i advent.

Det blir song og dans rundt julegrana før alle går i samla flokk saman med kanefarten ned til kulturhuset, der nisse og gløgg ventar.

Har du ei lykt du kan halde i handa med te-ljos i - ta ho med så lagar vi ljos i mørket saman.

Kulturskulen sørger for kulturelle innslag saman med lokalt kulturliv og ynskjer samstundel alle varmt velkommen til "Reisa til julestjerna" i Ål kulturhus kl 14.30 og kl 18.00. https://aal.kulturhus.no/kulturprogram/?month=11&year=2024

Vel møtt nisser og skrømt, store og små - no skal vi ut å syngje og gå!

 

 

Kart

Julegrantenning og ljosvandring

TypeJulearrangement

Ål sentrum, Myren, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00