For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Jens Bjørneboe 100 år

Om

Bjørneboe 100 år

Sumrane i Leveld var viktige for forfattaren og samfunnsrefsaren Jens Bjørneboe, som i år ville fylt 100 år. På 1950-talet tilbrakte han fleire av dei her, og stabburet han kjøpte, står i dag på Leveld Kunstnartun.

Sundag 23. august blir det difor Bjørneboe-dag på tunet.

Vi inviterer til konsert med Julie Kleive og Joachim Kwetzinsky, som skal framføre nykomponert musikk av Marcus Paus til tekstar av Bjørneboe.

Litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin leier ei samtale om Bjørneboes forfattarskap, og kunstnar Eva Schjølberg presenterer eit heilt nytt, ikkje tidlegare vist, installasjonsverk inspirert av Bjørneboe-loftet.

Komponist og samtidsmusikar Mike McCormick heldt konsert inne i stabburet, og vi syner ein film inspirert av Leveld og Bjørneboe av den israelske kunstnaren Shir Handelsman.

Det blir også omvisningar, aktivitetar for born og sal av mat og drikke. For fullt program og oppdateringar, følg Leveld Kunstnartun på Facebook.

Velkommen!

Kart

Jens Bjørneboe 100 år

Type100 års-jubileum

Leveld Kunstnarturn, Nordbygdvegen 1025, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 411 81 765

Sjekk tilgjengelighet forJens Bjørneboe 100 år (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Leveld Kunstnartun (23 Aug 2020)
DagTider
Søndag12:00