Om
Den norsk-indiske fiolinisten Harpreet Bansal har etablert seg internasjonalt som ein original og innovativ tolkar av raga, musikksjangeren som byrja å tiltrekkje seg seriøs merksemd i Vesten gjennom The Beatles og samarbeidet deira med Ravi Shakar.
Harpreet tek ragaen med seg inn i fiolinverda, saman med dei kjende medmusikarane sine, Vojtech Procházka på piano og Andreas Bratlie på perkusjon.
I musikken finn me både store, meditative lydlandskap, mykje leik og ein improvisert spontanitet. Alt utført med svært høg presisjon.
Spelestilen er svært intuitiv, og musikken er klassisk nordindisk, men dreg også inspirasjon frå jazz, ulike folkemusikkstilar, samtidsklassisk, Bollywood og mykje anna.
Bansal Trio vart etablert i 2008 og har sidan den gongen turnert jevnleg med konsertar i Noreg.