Fryd Scene: Odde og Holmen - heime hjå kulturhusleiaren

Om

Odde & Holmen heime hjå kulturhusleiaren.


Odde & Holmen er ein duo med hardingfele og bratsj som blandar tradisjonsmusikk med impulsar frå både kunstmusikk, improvisert musikk og den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven. Duoen representerer eit leikent og virtuost samspel, og skapar ei lytteverd med stort rom for klangelege nyansar, sterke melodiar og melankoli i stadig veksling.

 

Duoen er aktuelle med det nye albumet Føreferd hausten 2023, som inneheld sjølvkomponerte låtar og improvisasjonar – her møtest det råe slåttespelet frå hardingfela med dei lange linene frå kunstmusikken og smeltar saman til eit unikt uttrykk.

 

Bjørn Kåre Odde – fele og bratsj
Sivert Holmen – hardingfele

Kart

Fryd Scene: Odde og Holmen - heime hjå kulturhusleiaren

TypeKonsert

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forFryd Scene: Odde og Holmen - heime hjå kulturhusleiaren (Åpnes i et nytt vindu)