
Om
Pianist og komponist Christian Wallumrød frå Kongsberg er ein musikar som har vore husvarm i Hallingdal heilt sidan ungdomsåra. Han har tidlegare besøkt Fryd Scene med sitt eige Christian Wallumrød Ensamble. Denne kvelden kjem han aleine.
Han kjem til Ål for å spele inn eit tredje soloalbum på Steinway-klaveret i kulturhuset. Han har dei siste åtte åra gjeve ut to sterkt kritikarroste soloalbum, Pianokammer (2015) og Speaksome (2021). Han hentar inspirasjon frå moderne jazz og samtidsmusikk, og det finst også spor av folkemusikk i Wallumrød sitt uttrykk.
Det blir ei eksklusiv oppleving å få høyre Wallumrød setje seg til tangentane denne kvelden, med rykande ferske låtar i fingrane, rett ut frå musikkverkstaden.