FN-dagen med foredrag ved Petter Gulli og Guro F Veslehaug

Om

FN-dagen har fylgjande program i Ål:

PROGRAM:
Kl. 17.30-18.00: Klimaplan for Hallingdal v/Guro Flatland Veslehaug.
Kl. 18.00-18.45: Pannekaker kan redde verden v/Petter Gulli.
Kl. 19.30-21.00: The Dancers' Brew – konsertforestilling med Barokksolistene og Mamelukk Dansekompani (NB! Kjøp eigen billett til dette).

Pannekaker kan redde verda
Kanskje er det ikkje så vanskeleg å leve litt meir klimavennleg som mange trur?
Foredraget er basert på Petter Gulli si bok HÅP - en praktisk guide for klimaoptimister og handlar litt om dei brutale sanningane me alle må forhalde oss til. Og det handlar kanskje endå meir om alle dei fantastiske moglegheitene som finst i det grøne skiftet. Og så blir det mange tips til kva heilt vanlege folk kan bidra med, utan å måtte endre livet sitt noko særleg. 
Kort sagt eit klimaforedrag å bli håpefull og glad av!

Ein grøn og framtidsretta region - Klimaplan Hallingdal
Politikarane i Hallingdal tar endringane i klima på alvor, og dei har sett verdien i å jobbe saman som region for å finne løysingar. Klimaplanen for Hallingdal blir presentert av Guro Flatland Veslehaug, klimakoordinator i regionrådet. 
Her får du vite kva som er status for Hallingdal og korleis me saman kan skape ei grønare framtid.

Det er gratis inngang til foredraga, men ein må kjøpe eigen billett til konsertforestillinga med The Dancers`Brew.

Velkommen!

 

Kart

FN-dagen med foredrag ved Petter Gulli og Guro F Veslehaug

TypeForedrag

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forFN-dagen med foredrag ved Petter Gulli og Guro F Veslehaug (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Ål kulturhus (24 Okt 2024)
DagTider
Torsdag17:30