Den vesle vampyren

Om

Bli med på ei spennande teateroppleving om vennskap når verda til vampyrane blir verkeleg på Brageteatret denne hausten.

Det er sjølvaste Halloween og Anton er åleine heime. Han sit på rommet sitt i Dracula-kostymet, og mamma og pappa har gått på fest. For litt sidan kom Ulrik, Karsten og Tormod frå klassen og ringde på døra. «KNASK ELLER KNEP!» ropte dei og tømde nesten heile godteriskåla før dei sprang av garde att. Dei spurde ikkje om han ville vere med. Anton set seg og blar i vampyrboka si. Mamma ville vorte så glad om han hadde vorte med gutane ut for å samle snop. Men det nyttar jo ikkje, når ein ikkje blir invitert. Brått smell noko mot vindauget. Anton skvett. Kva var det? Han listar seg forsiktig mot vindauget og tittar ut. På gesimsen like utanfor sit ein liten gut med bleikt andlet og raude leppar.

Vampyrane si verd blir verkeleg når kulturhus i Viken-området får besøk av forestillinga «Den vesle vampyren» denne hausten. Brageteatret gler seg til å invitere publikum med på ei spennande teateroppleving om vennskap på tvers av kulturar, og håpar på mange små og store vampyrar i salen!

Forestillinga varar ca 1 time og 20 minutt. Ingen pause. Høver best for vaksne og barn frå 6 år.

Ps! Kva med å lese boka allereie no?  Du finn den i bokhandlar og på biblioteket!

NB! Sommartilbod t.o.m 31/8:
Billett til kun kr. 215,-
 

Den vesle vampyren er basert på ein barnebokserie skrive av tyske Angela Sommer-Bodenburg. Fyrste bok kom ut i 1979 og vat straks populær også her i Noreg. Serien er omsett til 30 språk og har seld over 10 millionar eksemplar. Heile bokserien består av 12 bind, men Brageteatret si forestilling byggjer på fyrste bok om Anton og den nye venen hans, vampyren Rydiger. 

Av: Angela Sommer-Bodenburg.
Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen.
Produsert av Brageteatret 2024

Kart

Den vesle vampyren

TypeBarneteater

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forDen vesle vampyren (Åpnes i et nytt vindu)