Om
Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor.
Fem kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar?
Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløsning og graviditet har me leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Me ynskjer å vise eit rått og ærleg bilete av korleis det er å vera kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida
Livmødre av Mamelukk, Silje Onstad Hålien, Selma French Bolstad og Susanne Marko
Forestillinga er arrangert av Storhelg i Hallingdal
Livmødre er laga i samproduksjon med Riksscenen og Sprang, med støtte frå Kulturrådet, NOPA, Valdresmusea og Folkemusikkveka.
Velkommen!