Bilde av Isungset

Om

Odd Isungset er journalist og forfattar. Han har tidlegare vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Odd Isungset sitt iherdige journalistiske gravearbeid som gjorde at saka vart gjenopna.

11. oktober 2023 var det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard vart skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo. Attentatet vart kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I boka Blodspora frå Dagaliveien nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.

Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag. I august 2022 vart Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.

Kart

Bokbad - Odd Isungset - blodspora frå Dagaliveien

TypeBokbad

Ål bibliotek, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

+47 32 08 51 20

Sjekk tilgjengelighet forBokbad - Odd Isungset - blodspora frå Dagaliveien (Åpnes i et nytt vindu)