For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
AVLYST Stabbursfrieri - kulturfestival 2020

Om

Stabbursfrieri - grenselaus kulturfestival på tvers av genrar og kunstfelt, 21.-23. august 2020, Ål, Leveld Kunstnartun! 

Om sumrane for 100 år sidan sat jentene øvst i stabburet og venta på at friarane skulle klatre opp. Det kunne bli frieri og samspel for resten av livet. Likeeins, 100 år etter kan ulike kunstfelt fri til kvarandre ved Leveld Kunstnar- tun - litteratur, biletkunst og musikk - eit samspel for framtida.

Det er ei glede å invitere til ei helg med konsertar, utstilling, bokbad og film – og med spennande navn på plakaten!
Me har eit flott tun å syne fram og det blir konsertar i Bjørneboeloftet og filmsyningar og kunstutstilling i Låven. Men det meste av arrangementet vil foregå på utescena framfor låven med tunet som naturleg amfi. Det kan difor vere lurt å kle seg godt og ta med sitje- underlag.

Me ønskjer deg hjarteleg velkomen til ei helg med grenselaus kultur i Leveld!

Program er ikkje klart, men vil bli lagt ut her så fort det er klart.

 

Kart

AVLYST Stabbursfrieri - kulturfestival 2020

TypeFestival

Nordbygdvegen 1025, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 411 81 765

Sjekk tilgjengelighet forAVLYST Stabbursfrieri - kulturfestival 2020 (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Stabbursfrieri - Leveld Kunstnartun (21 Aug 2020 - 23 Aug 2020)
DagTider
Fredag15:00