50, feit og mislykka v/Geir Ove Buseth

Om

50, feit og mislykka er namnet på bloggen til Geir Ove Buseth.

Geir Ove er fødd og vaks opp på Ål, og vart nesten ein del av sjølvmordstatistikken attende i 2014. For han, som for veldig mange menn, var det vanskeleg å opne seg og be om hjelp. No vil han bidra til å setje fokus på openheit og positive endringar. 
I dette foredraget vil han gje ei open, personleg og ærleg skildring av kva som førte han så nær stupet. Han vil ta opp tema som einsemd, speleavhengigheit og dårleg sjølvbilete. Me vil òg få høyre om korleis han kom seg opp av kjellaren og kva han gjer for å greie å snu nederlaga sine til noko positivt. Her er det han kallar «Lykkepillene sine» sentralt. Geir Ove fann motet til å leve og håpar å inspirere andre til det same. 

Ressursgruppa for sjølvhjelp i Ål vil vere på Frivilligsentralen etter arrangementet for å fortelje om tilboda sine, og vere til stades for dei som ynskjer å prate meir.

Gratis inngang!

Du kan sikre deg plass ved å hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.

Kart

50, feit og mislykka v/Geir Ove Buseth

TypeForedrag

Ål Bibliotek, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet for50, feit og mislykka v/Geir Ove Buseth (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Ål bibliotek/Ål kulturhus (10 Okt 2024)
DagTider
Torsdag19:00